kandesign_logo
kandesign
kandesign   Kari Nestestog   3890 Vinje   telefon 35 07 21 36   mobil 47 33 33 82   info(at)kandesign.no

Om kandesign

Litt om kandesign

Hos meg kan du få hjelp med heile den grafiske profilen for din bedrift. Eg hjelper deg med alt ifrå logo til brosjyrer og websider. Websidene blir laga spesielt for deg og dine behov og ikkje ut ifrå ferdige modular, noko som gjer at sidene vert like unike som deg/firmaet ditt.

Eg har bachelor i visuell kommunikasjon frå Ravensbourne College of Design and Communication i London, og har fleire års arbeidserfaring med både små lokale og store internasjonale kundar i London og Norge. Eg har også knytta til meg eit nettverk frå inn og utland noko som eg nyttar meg av både når det gjeld inspirasjon og kunnskap.

Arbeidsmetoden min er i nær kontakt med kunden. Eg fylgjer kunden personleg i alle ledd frå idé til ferdig produkt. Saman kjem me fram til den løysinga som er den rette for akkurat deg.

Treng du foto eller illustrasjonar kan eg også hjelpe deg med det, nokre eksempel finn du øverst på websidene.

Ta gjerne ein tur innom min portfolio og sjå på noko av det eg har gjort. Om du vil ha meir informasjon send ein e-post eller ring for uforpliktande tilbod eller møte.

 

Eg hjelper deg med:

Ny Logo/identitet
Oppdatering av eksisterande logo
Brosjyrer
Plakater
Websider
Klistremerker
Annonser
Skilt
Foto